Ståstadsanalysen
Ståstadsanalysen er eit prosessverktøy for ei felles vurdering av praksis i barnehagen. Verktøyet kan brukast av barnehagar som ønskjer å drøfte og vurdere sin eigen praksis som grunnlag for eit felles utviklingsarbeid.
Analysen byggjer på lova om barnehagar og rammeplanen for barnehagen. Verktøyet set fokus på arbeidet med barna og foreldra og på samarbeidet mellom dei tilsette. Dette skal samla sett gi barnehagen eit utgangspunkt, ein ståstad, for å velje ut og prioritere nokre innsatsområde i sitt utviklingsarbeid. Arbeidet med Ståstadsanalysen krev brei involvering av dei tilsette. Dette gjer òg analysen til eit eigna verktøy for å stimulere til pedagogiske diskusjonar og forankre utviklingsarbeid i personalet.
Ståstadsanalysen består av seks delar:
A. Faktaopplysningar om barnehagen
B. Resultat frå foreldre-/brukarundersøkingar
C. Informasjon om barnehagen som pedagogisk verksemd
D. Tilsette si vurdering av barnehagen opp mot ”teikn på god praksis”
E. Barnehagen si samla vurdering av eigen praksis
F. Vurdering av barnehagen som organisasjon og arbeidsplass
|
Det finst ein eigen ståstadsanalyse for skolar. Ståstadsanalysen er utvikla gjennom programmet "Kunnskapsløftet - frå ord til handling."
Slik bestiller du undersøkinga
1. Styrar sender e-post om deltaking til: BHG@Conexus.no.
Oppgi namn på BHG, kommune, fylke og styrar sin kontaktinformasjon.
2. Styraren loggar seg inn på påloggingsfeltet under og bestiller brukarnamn til dei tilsette.
Medarbeidarar som skal svare på undersøkinga, kan logge seg på ved å klikke her:
http://www.analyzethis.no/OrdTilHandling/StaastedsanalyseBHG
Logg inn som styrar
Tilgang på resultat:
Når medarbeidaren har svart på undersøkinga, er resultata for barnehagen din tilgjengeleg på denne portalen. Du kan laste ned ei fil med ståstadsanalysen og svara frå dei tilsette slik at materialet kan behandlast vidare lokalt.
|